Historisk Flue
Kva er ei historisk flue? Dette er eit spørsmål som er vanskeleg å svare på. Det er mange ulike meiningar om kva som er ei historisk flue: nokon meiner kanskje at ei det er ei flue som er bunde for over 50 år sidan, medan andre meiner den må være bunden for over 100 år sidan. Andre igjen kan meine at ei historisk flue er ei flue som er bunde av ein kjent fluebinder, eller ei flue som har vore brukt av ein kjent fiskar.
Vi er alle farga av vår eiga historie og erfaringa, så eg skal ikkje prøve å gi ein definisjon på kva dette er. Men, eg kan prøve å gi eit innblikk i kva ein kan legge i dette.
Må den være gammal?
Under lanseringa av denne sida på Historiske fluer møtet var det ein som lurte på: "kva er din definisjon av ei historisk flue? Må den være 30 år gammal feks.?"
fluebinding.no er ikkje laga for å være ein ressurs for gamle fluer, sjølv om oppstarten kanskje er litt prega av dette. Men dette spørsmålet fekk meg til å tenkje litt, og der og da gav eg svaret som er viktig for meg når det gjeld begrepet historisk flue: ei flue som er laga i dag er framtidas historiske flue, så vi må ta vare på noverande og gamle fluer på lik linje.
Kva er viktig?
Ei flue i seg sjølv kan være interessant og historisk viktig utan at det finst så mykje meir informasjon om den en eit ca. tidsrom den blei brukt. Men det finst mangen lag av informasjon som gjer at ei flue kan kan bli enda meir interessant, og som gjer at ein kan forstå meir om den:
Kven laga fluene?
Kven var personen som laga flua? Var det eit stort selskap som laga eit stor antall fluer? Var det ein lokal kjentmann som laga til eiget bruk i ei elv hen kjente, eller var det ein kjent fluebinder som lagde flua på bestilling til ei elv nokon skulle til? Kvar var personen frå, og kva var bakgrunnen til vedkommande?
Dette er litt av av bakgrunnen til at personar er ein viktig del av fluebinding.no, slik at ein kan få eit innblikk i personen bak dei forskjellege fluene.
Kva fiskesortar vart dei tenkt brukt på?
Kva fiskesortar vart dei brukt på? Var det fluer som var spesifikt laga for laks, ørret, røye, gjedde eller andre fiskesortar?
Med immitasjonsfiske kan dette være eit innblikk i kva byttedyr som var vanleg i området, kva som var gjeldande i den daverande tidsepoke, eller berre kva som var populært å fiske med for ein fiskesort.
Dette kan igjen føre til eit innblikk i insekter og utbreiing av desse i området. Er desse insektene fortsatt i dette området, eller har faunaen endra seg?
Kva område vart dei brukt i?
Var det fluer som var spesifikt laga for elver, hardangervidda, eit navngitt fjellvatn eller andre område?
Området ei flue er meint å bli brukt i kan fortelle mykje om kva forhold som var gjeldande, eller kva som var oppfatninga av området på den tida flua blei laga. Det kan feks. gi eit innblikk i at det var mykje ørret i vatnet, eller kva som var vanleg byttedyr i området. Eller rett og slett kva som var populært å fiske med i området.
Kven fiska med dei?
Kven var det som fiska med dei? Var det kjente fiskarar, eller var det fluer som var laga for eit større publikum?
Vist vi kan koble fluer til ein fluebinder kan det være interessant å sjå om det er fluer som er laga for eit større publikum, eller om det er fluer som er laga for å teste ut nye idear/prototypar.
Kva tidsepoke er dei frå?
Kva tidsepoke er dei frå? Er det fluer som er bunde for 50-100 år sidan, på 90-talet eller er det fluer som er bunde i dag?
Vi kan gjette ein del på tidsepoken ut i frå materialar og teknikk, men å ha ein faktisk tidsepoke kan vere viktig for å unngå å gjette.
Vi kan sjå på krok-type (blind-eye eller ikkje), bruken av syntetisk materialer, teknikkar som er brukt eller og andre ting for å gjere eit estimat. Vi kan og, vist vi veit kven som laga flua, gi ein omtrentleg alder på flua.
Oppsummert
Sammen gjer dette til eit innblikk i historia til flua. Eit eller fleire av dei overnevnte punkta kan være kjent, og for kvart lag vi kan identifisere kan vi få eit meir komplett bilete av både flua, dei kulturelle og historiske aspektene rundt den.
Vi har alle vår meining om kva ei historisk flue er, og kanskje du har eit anna syn på dette en punkta over, og det er bra! Det er dette som gjer det interessant å diskutere og lære meir om fluebinding og kva slags kontekst vi kjem fra.
Ta gjerne kontakt om du har meiningar eller innspel til dette.
Eit innblikk i ein flueboks
Møte med ein gammal flueboks er som å opne ei bok om historia til fluebinding. Fluer som er bunde for 50-100 år sidan er ikkje berre fluer, men ein tidskapsel for fluefisket på den tida. Dette er grunnen til at vi treng fleire bilder og informasjonm om flueboksar under "Fluemønster -> Samlingar".