fluebinding.no - ein del av FlyLore
Les du om bakgrunnen til denne sida får du eit djupare innblikk i mine tankar rundt kva som må til for å ta vare på historia til fluebinding, og kulturhistorie generelt.
Når denne sida no er tilgjengleg, og informasjon har begynt å komme på plass var neste steget alltid å passe på at dersom noko skulle skje med meg (Håvard Eide), så måtte informasjonen være tilgjengleg, og ikkje forsvinne med meg.
Derfor har eg vinteren 2025/2026 jobba med eit projsekt for å gjere all data fra fluebinding.no, flyhooks.org og flypattern.org tilgjengleg på eit nytt prosjekt: www.flylore.org . Du kan lese litt om valget av namn der
I første omgang er det no muleg å laste ned PDF av store delar av informasjonen som er samla inn, både her på fluebinding.no, flyhooks.org og flypattern.org . Der kan du og lese lisensen som denne PDFen er gjort tilgjengleg under.
Meir informasjon vil bli tilgjengleggjort, og i løpet av hausten 2026 vil all rådata bli publisert slik at dette og vil være mulig å laste ned.
Eg håpar med dette at historia til fluebinding i Noreg vil bli tatt vare på og hugsa i framtida!
2026-05-03 - Håvard Eide