fluebinding.no
fluebinding.no ønsker å ta vare på og dele kunnskap om fluebinding slik at
kan gi vidare det vi sitt inne med av kunnskap til noverande og framtidige
generasjonar
Bakgrunn
Fluefiske og fluebinding har ei lang historie med mykje tradisjon i Noreg, og vi kan sjå tilbake på historia og lære av dei som kom før oss. Mykje av det vi sitt igjen med representerar tidsperiodar der nokon, ei bedrift eller andre element var retningsgivande for kva fluebinding var og skulle være. Og i dag kan vi spore tilbake til desse elementa gjennom tilgjenglege kjelder.
Med introduksjon av sosiale medier på lukka plattformar har informasjon og utveksling av erfaring blitt eit reklameselgande produkt for selskap som ikkje ser verdien av å ta vare på informasjon for ettertida. Ein kan plukke opp ei 100 år gammal bok og få innsikt i korleis fluebinding var på det tidspunktet, men i dag har ein problem med å finne fram i kva som blei lagt ut på facebook eller instagram i går.
At vi kan miste ein del av vår kollektive historie vist ei facbook gruppe blir lagt ned utan varsel var bakgrunnen til ideen om kva fluebinding.no kunne brukast til og som kunne være utgangspunktet for ei side med fritt tilgjengleg innhald for framtida å kunne sjå tilbake på.
Styrande prinsipp
Etablering av fluebinding.no er gjort for å ta vare på vår kollektive historie, noko som omfattar både dei historiske elementa men og notida - den framtidige delen av vår kollektive historie.
På noverande tidspunkt har sida nokre styrande prinsipp:
-
fluebinding.no skal sikre langvarig tilgjengleghet av informasjon og ressursar slik at ein ikkje skal være redd for at den går tapt dersom ein person forsvinn eller ein lukka plattform blir lagt ned.
-
fluebinding.no skal fremme deling, samarbeid og læring blant fluebindingentusiastar på tvers av kompetansenivå og lokasjon.
-
fluebinding.no vil prøve å gi ein introduksjon til det som er viktig for å komme i gang med fluebinding, og terskelen for å spørre skal være lav.
-
fluebinding.no vil ikkje dele informasjon med selskap utanfor eiga side - ingen eksterne cookies eller reklame.
-
fluebinding.no vil dele informasjonen fritt tilgjengleg her eller andre plassar under ein åpen lisens for privat bruk (meir om lisens seinare): dersom sida forsvinn vil informasjonen være tilgjengleg for framtida.
Informasjon
Kva slags type informasjon tenkjer fluebinding.no å ha når den blir lansert?
Dette er ei liste med idear og tankar rundt kva fluebinding.no skal fyllast med framover. Litt kjem til å komme ved lansering, ein del litt seinare.
Utstyr
Kva slags basisutstyr finst for fluebinding og kva er bruken deira? Korleis ser dei ut og kva bør du tenke på når du skal gå til innkjøp av noko?
Material
Informasjon om dubbing, fjær, flash og krok (og mykje meir). God informasjon om materialer ein brukar og kva ein bør sjå etter når ein går til innkjøp av dei.
Teknikkar
Kva bør ein gjere for å lære seg fluebinding: teknikkar ein må kunne som gir basisgrunnlaget for å drive med fluebinding.
Mønster
Historiske mønster, mønster som er knytta til vassdrag, mønster for fiskesortar, mønster som er spesifikke for art. Her er det store mulighetar for å kunne dokumentere mønster som har opphav i Noreg og som vi vil ta vare på.
Personar
Kven er desse personane som brukar tid over bindestikka og produserar fluer og mønster som vi blir inspirert av? Ein del av det å ta vare på historia er å introdusere folk som er, eller har vore, framtredande på sitt vis: mønster dei er kjent for, initiativ dei har dratt i gang eller bøker dei har skrive.
Det å kunne finne ut av kven personen som fant opp eit mønster var, eller kvar vedkommande kom fra, kan gi klarhet i opphav og bakgrunnsinformasjon som er viktig.
Ressursar
- Bøker - norske bøker om fluebinding, gamle som nye
- Websider - fluebinderelaterte sider for vidare inspirasjon
- Butikkar - kvar får du tak i materialer?
- Messer/eventar/bindekveldar - kvar skjer det ting i landet?
- Kurs - kvar kan du lære meir om fluebinding?
Filosofi
Tankar og filosofi rundt erfaring over bindestikka.
Lukka sosiale medier
Forskjellege sosiale medier har dei siste 10-15åra dukka opp, blitt populære og kanskje lagt ned. Mangen er lukka og krever innlogging, andre har begrensa innsyn og gir deg kanskje berre litt av totalbildet vist du ikkje er logga inn. Desse plattformane er ofte laga slik at du som brukar er produktet, og det ein betalar med er aktivitet, bilder, kommentarar og ikkje minst ein profil om deg som brukar og kva dine interesser er. Alt for å selge annonser som kan, til ein større eller mindre grad, være aktuelle for deg.
Ein slik platform er i utgangspunkt ikkje eit problem, men når ein ser på vår kollektive historie når det gjeld fluebinding (eller alle andre formar for å uttrykke seg sjølv eller være kreative), så blir det eit problem når ein innser at informasjonen som ei gruppe med tusenvis av personar har bidratt til over eit tiår eller meir plutseleg kan forsvinne og aldri komme tilbake. Dette var som sagt eit av utgangspunkta for å starte denne sida, og er ei drivkraft for å bevisstgjere vårt forhold til informasjon.
Mangen plattformar er heller ikkje systimatisert eller organisert på ein måte som gjer at det er enkelt å finne fram eller kunne bruke den for å finne referansematerialer: informasjon blir presantert med siste og mest populære først og gir ikkje oss det vi treng for å kunne navigere i det som blir ein jungel av informasjon. Måten vi konsumerar og forheld oss til bilder og informasjon gjer og at vi ikkje tar oss tid til å verdsette det som betyr noko.
Vi har alle våre meiningar om sosiale medier, og det er ikkje eintyda dårleg, men utgangspunktet er at vi gir informasjon over til nokon som ikkje vil ta vare på det vi skapar og risikoen for tap av verdifull informasjon og kunnskap på grunn av plattformavhengighet er reell.
fluebinding.no
Denne sida er utvikla og satt sammen av Håvard Eide.