Håvard Eide

Oppsummert
- Bustad: Oslo
- Kjem fra: Nordfjord
- Fluebinding: Alt fra #26 tørrfluer til 18cm byttefisk etter Lyr, men har ein lidenskap for klassiske ørret/laksefluer
- Fiskar etter: Ørret, Harr, Laks, Lyr & Sei
- Favoritt plassar
- Alvdal/Tynset/Grimsbu området
- Rena
- Langs stranda i Nordfjord/Smøla/Hitra, Nordmarka i Oslo
- Står bak sidene
Tre favoritt fluer
- Ørret: CDC caddis
- Laks: Lady Caroline
- Sjøørret: Vaskebjørn
Bilder og meir informasjon kjem seinare.
Fluebinding
Fluebinding for meg er delt opp i fleire delar: det viktigaste er nok det praktiske fisket, det å stå i elva eller ved eit vatn med fluene eg har trua på. Flueboks(ane) har blitt færre med åra, og nokre mønster står nok fram, men dette er og ein del av prosessen - korleis får eg dei fluene til å bli kanskje hakket betre.
Fiskar etter det meste, og er pragmatisk når det gjeld både fiske og fluebinding: om det er ørret/harr (tørt/flymfe/vått/euronymfe/streamer) eller kystfiske med store byttefisk-imitasjon etter Lyr på vestlandet så er det alltid ei utfordring med å finne ut kva fisken tar på og kor i vasslaget den står.
Når det gjeld praktiske fiskefluer er eg nok ikkje den som er supernøye på ein absolutt imitasjon, men har trua på størrelse, basis-fargar og presentasjon over korrekt oliven-nyanse eller om det er to eller fire haletrådar på døgnflua.
Det kulturhistoriske er og ei drivkraft bak fluebindinga mi: historikken og tradisjonane som fluebinding er og har vore i tidlegare tider.
Utstyr og materialer
- Tilknytning til produsent: ingen
- Har tidlegare jobba for Flyfish Europe
Utstyr
- Bindestikke: Regal - arbeidshesten for mesteparten av produksjon
- Bindestikke: Cottarelli T-Rex for dei store og handlaga krokane til klassiske laksefluer
- Trådholder: Tiemco keramisk
- Saks: C&F for dei virkeleg delikate og presise kutta, har ellers ei ganske god samling med forskjellege sakser
- Hårstabler: Zippy fra Loon
Materialer
Er glad i gode naturlege materialer - dubbing rett fra skinn-bitar eller hackle fra heile fugleskinn gjer at ein kan velge nyansar, blande dubbing eller velge riktig størrelse på hackle basert på erfaringar i ei spesifikk elv eller art.
Ein viktig ting for meg er bevegelsen eller avtrykket materialet vil ha når ein fiskar det: CDC for beina til ei vårfluer, mjuke eller stive vingematerial for byttefisk i elv eller saltvatn, høne-hackelet til ei våtflue for bevegelse ved små rørsler av handa eller stanga.
Inspirasjonskjelder
Inspirasjon er skiftande, basert på kva eg på noverande tidspunkt sett meg inn i, så denne lista skiftar litt etter sesongane og tidspunktet.
Norske
- Erling Sand: klassiske norske fluer
- Erling Olsen: enkeltkrok laksefluer for praktisk fiske
- Eivind Berulfsen: sjøørret fluer som fangar og har tanke bak seg
- Christoffer Gaarder: streamer for ørret
- Jan Håvard Krohn: flymfer og våtfluer
- Long Nguyen: klassiske laksefluer
Utanlandske
- William Blacker: for gamle klassiske laks/ørret mønster fra midten av 1800-tallet
- Andreas Andersson: streamer for ørret
- Gunnar Johnson, James E. Leisenring, Vernon S. Hidy: våtfluer & flymfer
- Niklaus Bauer: store streamers/baitfish
- Stefan Larsson: for dei virkeleg små tørrfluene
Framtid
Eg står bak denne sida, og har forklart kva eg synst er viktig.
Tilstedeværelse / Kontakt
Fluer
Hello, world